Mobilkran
Førde Kranutleige AS er leiande innan mobilkraner, og med ein av bransjen sine mest moderne og allsidige maskinparkar er vi i stand til å utføre alle typar løfteoppdrag. Vi har mobilkraner i alle storleikar og kan bistå med både små, effektive løft og store, komplekse oppdrag.
Mobilkraner er fleksible og effektive
Våre mobilkraner er svært fleksible og kjem seg fram på dei fleste vegar og byggeplassar i Noreg. Ein mobilkran kan løfte alt frå nokre hundre kilo til fleire hundre tonn, alltid med stort fokus på tryggleik og kvalitet. Vi nyttar vektceller i kranene slik at vi til ei kvar tid har kontroll på kva kolliet veg, og kranane sine datasystem reknar ut kor stort marktrykk mobilkranen har under arbeidet. Dei fleste mobilkraner er enkle å flytte, noko som gjer at arbeidet kan utførast trygt, sikkert og effektivt.
Stor breidde innan kraner
Vi har mobilkraner for alle behov. I maskinparken vår finn du alt frå mindre mobilkraner som kjem til i tronge områder, til større mobilkraner som utfører dei tyngste løfta. Vi leverer tenester lokalt og nasjonalt. Som kunde hos oss får du eksperthjelp til heilskaplege løysingar – frå planlegging til gjennomføring av kompliserte prosjekt – men òg til mindre og enklare løfte- og transportoppdrag. Førde Kranutleige AS disponerer ein moderne maskinpark som vert operert av dyktige og serviceinnstilte medarbeidarar.
Utstyr og tilbehøyr
Vi har eit stort utval av løfteutstyr og tilbehøyr som sikrar at vi kan gjennomføre alle typar løft på ein trygg, effektiv og kvalitetsmessig god måte.
Blant utstyret vi har:
- Løfteåk og spreiarar
- Underlagsplater
- Personkorger
- Løfteutstyr til varierande behov og storleikar
Berekraft og miljø
Berekraft og omsyn til miljøet er viktig for oss. Vi vel alltid miljøvenlege løysingar når vi investerer i og oppgraderer maskinparken vår, og arbeider kontinuerleg for å redusere miljøavtrykket i verksemda.