Kranbil og utstyr

Kranbilar

Kranbilar vert ofte nytta når ein ønskjer å kombinere transport og løft av mindre kolli. Dette er ei perfekt løysing dersom du til dømes treng hjelp til løft gjennom dører og vindauge i bygg, eller til å løfte takstolar på plass.

Kranbil er allsidig

Ein kranbil er eit perfekt og allsidig verktøy når ein har behov for både krantjenester og transport i same operasjon. Oppdrag der ein må heise på ein trygg og fleksibel måte, er noko vi har lang og brei erfaring med.

Med god rekkevidde på kran, jibb og vinsj får ein eit effektivt hjelpemiddel til alle typar prosjekt. Vi utfører alt frå heising av spabad på fjellet til krantjenester på små og store prosjekt innan bygg og anlegg, industri, infrastruktur og mykje meir.

Fordelar med kranbil

  • Dei fleste kranbilane våre kan transportere mellom 5 og 24 tonn
  • Vi kjem fram på tronge og utfordrande plassar
  • Rask opp- og nedrigging gjer kranbilane effektive på byggeplassar der ein ofte må flytte krana
  • Allsidige løysingar tilpassa kunden sine behov
  • Kan leverast med ulike åk, som vakuumåk for glas- og fasadeheising mm. 
  • Nokre kranbilar kan òg utstyrast med hydrauliske verktøy i enden av krana, til dømes klype med grabb.
  • Den største fordelen: Du får ein kranbil frå Førde Kranutleige AS med ein kompetent og hyggeleg sjåfør

Stor breidde innan kraner

Vi har kranbilar for alle behov. Vi leverer tenester lokalt og  nasjonalt stiller til avtalt tid. Som kunde hos oss får du eksperthjelp til heilskaplege løysingar – frå planlegging til gjennomføring av kompliserte prosjekt – men òg til mindre og enklare løfte- og transportoppdrag. Førde Kranutleige AS disponerer ein moderne maskinpark som vert operert av dyktige og serviceinnstilte medarbeidarar.

Berekraft og miljø

Berekraft og omsyn til miljøet er viktig for oss. Vi vel alltid miljøvenlege løysingar når vi investerer i og oppgraderer maskinparken vår, og arbeider kontinuerleg for å redusere miljøavtrykket i verksemda.